I ein søknad til Volda kommune bed dei om å få setje opp telt i Hamnegata mellom 29.10 og 1.11.

– Vi vil ha telt som vert ein del av festivalen. Vi får vitjing av ti bryggjeri, alle i fylket, pluss nokre av dei store og etablerte. Vi vil også ha konsert. Mellom anna kjem folkemusikkgruppa MAAR med røter in Hornindal, og fleire spelemannslag, melder Anne Bjørkedal frå So es Bors.

For å få plass er det naudsynt å utvide arealet, og dei ønskjer difor å setje opp telt.

– Med på laget har vi også Hugo Ivan Hatland som er den i Noreg som veit mest om mikrobryggeri, fortel Bjørkedal.

Ho forsikrar kommunen om at det ikkje er ein «vill oktoberfest» dei vil lage, men ei samling omkring lokal matkultur, brygging, musikk og triveleg samkome. Dei vonar også at arrangementet kan verte ei årviss hending. Dei søkjer også om å få utvida skjenkearealet den aktuelle helga.

Illustrasjonsfoto. Foto: Flickr - cyclonebill - Ravnsborg Rød