Statnett held no på å strekkje ny kraftline over fjorden mellom Molaupen og Indre standal.  I samband med dette er anleggsfolk i arbeid ute på fjorden.

- Båttrafikken må vere merksame på dette. I periodar kan det vere nødvendig for båttrafikken å følgje anvisningar frå vaktbåtar som ligg i området der spennet kryssar, seier byggjeleiar Lars Aga.

Han presiserer at det ikkje er snakk om permanente sperringar.

Langsida

-  Men det kan hende at båtar verte bedne om å gå på den eine eller andre langsida, seier Aga.

Vaktbåtane er lette å få auge på. Dei har signalflagg og ligg tversskips i høve det normale.

Linearbeidet går føre seg kvar vekedag i tidsrommet frå klokka 08 til 18.

- Men det kan vere situasjonar som gjer at arbeidet, grunna arbeidsforholda, også kan gå føre seg noko lenger ut på på kvelden, fortel Lars Aga.

Arbeidet med linestrekkinga skal gå føre seg ut august månad.