33-åringen Marna Haugen har denne veka vore på eit lynkjapt besøk på heimlege trakter i Ørsta/Volda. Bakgrunnen var ein fotoseanse ved Vatnevatnet.

Levebrød

Det som starta som ein hobby, har vorte levebrød for den blonde dama. Og bloggen til Marna Haugen, Komikerfrue.no, er i dag mellom dei mest populære i landet. Dagleg har bloggen mellom 10.000 og 14.000 unike treff, noko som plasserer henne på ti på topplista over landets storbloggarar. Kvifor namnet komikerfrue? Jau, Marna er gift med komikar Ørjan Burøe. Saman har paret, som bur på Majorstua i Oslo, guten Theodor (6). I første høgda der familien bur har Marna også negldesign-salongen Hos Marna. Like fullt satsar ho mykje på blogging.

– Då eg starta blogginga for tre år sidan tenkte eg slett ikkje at eg kunne leve av det. Trafikken på bloggen auka litt etter litt, og då eg fekk kreft, og skreiv om det, vart interessa endå større, fortel Marna. Målgruppa hennar er kvinner mellom 25 og 45 år.

Det har gått raskt i svingane for 33-åringen. Dama som i 2003 vart kåra til Miss Norge og Miss Skandinavia, og som er tidlegare deltakar i Top Model, har også fått tv-gjennombrot gjennom TV2-programmet Bloggerne. I denne populære dokuserien er Marna ein av fire bloggarar som deler både små og store kvardagshendingar – heilt utan filter. I ein av episodane er kreftsjukdomen tema. Rett før jul i 2012 trudde Marna at ho var gravid igjen. Men ho tok feil. I staden for eit foster, oppdaga legane cystisk vev i livmora til dama.

– Kreft er noko andre får, skreiv Marna på bloggen.

Då ho vart spurt om å vere med i Bloggerne, vart sjukdomen ein del av tv-serien som ikkje er manusstyrt.

– Anten det handlar om blogging eller å vere med i ein dokserie, så vil eg det skal vere ei meining med det eg held på med. Det er viktig også å fortelje om nedturar. Det er sjølvsagt også ein del av livet. Eg følte eg gjorde noko nyttig ved å dele sjukdomshistoria mi.

God respons

Responsen på serien er god.

– Eg trur vi traff mangfaldet gjennom måten tv-serien er laga på. Men det er ikkje lett å vere seg sjølv på tv. Eg må late som at eg ikkje har kamera rundt meg, smiler Marna som no har kjendisstatus. I Oslo «druknar» ho som regel i massen bortsett frå at fjortisar no og då pikkar ho på skuldra og ber pent om eit bilete. Heime i Volda derimot er glanefaktoren noko større. Marna veit kvar ho kjem frå og har føtene godt planta i bakken, jordnær som ho er.

– Sjøl om ein er såkalla kjendis så er det desto viktigare å vere berre seg sjølv heime, og hos familien er ingenting endra og praten går i like vanlege ting som elles.

Sjølv om Marna deler privatlivet sitt både på tv og blogg, har ho klare grenser.

– Ja, eg set grenser når eg føler eg må, og eg har valt å ikkje vere med på ting som andre i tv-serien er med på. Det same er det med blogginga. Det er mykje eg ikkje skriv. Men av og til angrar eg, ler dama.

I dag er Marna frisk frå sjukdomen – og gravid. I oktober ventar ho og Ørjan ein gut.

Trass sin unge alder har Marna Haugen allereie opplevd det mange nok går og drøymer om.

– Er ein open og ikkje har frykt for å feile, opnar det seg spennande dører. Eg har nådd måla mine. No skal eg vidareutvikle det eg held på med.