Butikken og kafeen i Ivar Aasen-tunet held ope kvar dag i heile sommar.

– Vi er bokhandel, platesjappe og gåvebutikk i eitt, med servering av enkel og god mat, seier tunvert Ingrid Opedal.

– Vi har eit breitt utval varer ingen andre har, og eit stort utval i nynorsk musikk og litteratur for born og vaksne, seier Opedal. Mange av varene får du berre i butikken i tunet og i nettbutikken Handlenett.no.

Nye produkt

Butikken har fleire nye produkt inspirerte av blomen Symra. Ein vevd laupar og ein praktisk veskehaldar er fine gåveidear saman med praktboka til Terje Aarset med same namn.

Lurivar har fått laga eit nytt teikneskrin, men katteblokk og blyantar, særs godt eigna til den som skal ut å reise.

Arkitekturen i Aasen-tunet har inspirert oss til å ta inn Arne Jacobsen-produkt, seier tunvert Opedal og syner fram bokstavar, koppar og ei mugge med lok.

Dialekttermometeret er no kome med ny formgiving og kan supplere vêrmeldinga med ord som «ovheitt» eller «løfsetøyr».

Bestseljarar

Ivar Aasen-boksaren er framleis den store bestseljaren og butikken har utvida sortimentet med fleire friske fargar både til dame og herre. Sportstoppen «Mellom bakkar og berg» følgjer like bak, saman med trusetrøyene til ein «Ny norsk verdsborgar».

Kaffi i solveggen

Kafeen serverer enkle, heimelaga lunsjrettar og kaker med innslag av kortreiste spesialitetar. Skin sola, er utekafeen ein sjølvsagt stad for å nyte ei god bok eller ferske nynorskaviser. Den eigenproduserte «Tunpølse frå Åsen» kan du også kjøpe med heim.

– Nytt i sommar er nynorsk økologisk is frå Isrosa, seier Opedal, som legg til at den første leveransen blei riven vekk under Festspela. Smakar som rabarbra, valnøtt og sjokolade er berre nokre av godbitane frå den nye isprodusenten.