Dei er svært glade i Ørsta og ein familie som dei har vorte gode venner med: No ferierer danskane for sjuande sommaren hjå Kristi Smørdal Bjørneset og ektefellen Geir Bjørneset i Smådalane på Ose. Der har paret i mange år drive utleige for turistar og andre.

– I Ørsta og hos dei gode venene våre kan vi seinke skuldrene og finne roa. Vi legg oss seint og står opp seint. Bygda og området har noko for ein kvar smak, og her er mange fine stader som det er kort veg å køyre til, konstaterer dei trivelege danskane.

Fullbooka

Mange er innom Ørsta Hytteutleige i løpet av eit år, og ofte er det fullbooka i tunet. Men det vert alltid sett av tre veker for paret Hansen og Sørensen og borna deira Mikkel (9) og Jeppe (8). Dei bur i Ebeltoft i Austjylland der Søren er tannlege medan sambuaren hans jobbar som postbod. Når sommaren og ferien står for døra hektar familien ein 18-fots plastbåt til bilen og set kursen for Noreg og Ørsta.

– Det var tilfeldig at vi hamna i Ørsta og hos Kristi og Geir i Smådalane. Det var full klaff frå første stund. Borna våre kunne leike med jamaldringar i familien Bjørneset, og vi vaksne fann tonen og vi vart invitert på jonsokfeiring. Aldeles flott! Strålar Søren og Inger Marie.

Mor til sistnemnde, Keattu, er med til Ørsta kvart år. Ho passa gutane mange gonger då dei var små slik at foreldra kunne dra på fisketur. For danskane er særs interesserte i å fiske, og dei har gjort det så mykje no at dei til og med har sett familienamn på dei beste fiskeplassane i området Raudøya og Berkneset. Plassane er sjølvsagt er djupt hemmelege.

– Kva eg fiskar? Alt som kan symje, humrar Søren som fortel om fangst av alt slag, også kveite og breiflabb, store fangstar. Nyleg fekk Søren ei kveite på 15 kilo i Ørstafjorden. Fisken tek dei med heim att der Søren ofte på laurdagane lagar fiskemiddag medan sambuaren er på jobb. Ho er nemleg ikkje slett så begeistra for fisk som husbonden. Han er sjølvskriven medlem i Ørsta småbåtlag.

– Småbåtlaget er veldrive og yter god sørvis, skryt Søren.

Naturen

Den danske familien likar også å gå i naturen, og dei elskar å vere med Bjørneset-familien til vakre Romedalen der Bjørneset har sel.

– Kristi tek oss med til stader vi elles ikkje hadde oppsøkt fordi vi ikkje hadde visst om dei, seier paret.

Kristi og Geir har definitivt funne venner for livet. Og dei gler seg alltid til at den danskregistrerte bilen skal dukke opp i tunet deira. Det gjer også borna som har nedteljing i vekene før.

Venner

Kristi Smørdal Bjørneset er ikkje i tvil:

– Det er eigentleg for få danskar i Noreg. Det er eit «artig» folkeslag. Ja, Søren og Inger Marie er med på å gjere kvardagen trivelegare!