På vegen kjem ho til å stogge på utvalde plassar der Grunnlova kan skodast, fotograferast, og grunnlovsplakatar bli opphengde. Det er Noregs Mållag som syter for transporten i ein høveleg dekorert bil.Den 6. mai vedtok Stortinget at Grunnlova også skulle finnast på nynorsk. Noregs Mållag laga i dette høvet ein stor modell av Grunnlova, og trykte også opp den nynorske versjonen i stort plakatformat som vart sende til alle vidaregåande skular i landet. Både Grunnlova og plakatar vert med på ferda vestover.Første stogg er sjølvsagt Eidsvollsbygningen. Her møter me medlemer frå Øvre Romerrike Mållag og leiar i Toten dialekt- og mållag, Jorunn Ingeborg Aarsby, tek historiske bilete og overleverer plakat til Eidsvoll 1814.

Hamar

Neste stogg vert hjå Hamar dialekt- og mållag, eit lokallag i vekst. Her treff ein leiar Jens Haugan, og det vert opphenging av plakat på Gravdahl bokhandel.Ferda går vidare til Vinstra, der nestleiar i Fron Mållag, Aase Toxe Tveit, møter oss ved rådhuset for fotografering, og følgjer oss til biblioteket for opphenging av grunnlovsplakaten.I år er det 100 år sidan forfattaren Jan-Magnus Bruheim frå Skjåk vart fødd. Ordførar i Skjåk, Rolv Kristen Øygard, møter oss ved «Diktarstigen», ein naturstig med ni tavler med dikt/sitat av Bruheim, i Skjåk. Bruheim var den andre til å få Noregs Mållag sin barnelitteraturpris i 1969.Etter turen over Strynefjellet kjem endeleg Grunnlova heim til Ørsta og Ivar Aasen-statuen. Her vert ho motteken av leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, fylkesleiar i Sunnmøre Mållag, Terje Kjøde, og leiarane i både Ørsta og Volda Mållag.