Klokka 15.40 vart det registrert eit  jordskjelv i Ørsta.

- Jordskjelvet hadde ein styrke på litt over to på Richters skala, opplyser seniorforskar Michael Roth i NORSAR til Møre-Nytt. Dei  har ansvar for ei rekkje målestasjonar i Noreg og utlandet.

Det var altså ti minutt etter klokka fire måndag ettermiddag at jordskjelvet kom. Møre-Nytt har fått inn fleire meldingar frå folk som fortel om risting og dirring i hus på det aktuelle tidspunktet. Ei dame opplevde skjelvet som at tørketrommelen rista veldig.

-Vi registrerte jordskjelvet både på Åkeneset i Stranda og fleire andre stader. Jordskjelvet si kjerne låg 60-70 kilometer frå Åkeneset. Skjelvet var ikkje så stort, fortel Roth.