Dei som laurdag tek turen til Folkestad i morgon, laurdag for å oppleve Ola Stedje og BokkeReidars på Folkestad kulturhus, får gratis skyss heimatt rundt fjorden. Og bussane går både til Volda og Ørsta.

- Når nattferja ikkje går, gjer vi det på denne måten. Nettbuss har gjeve oss eit godt tilbod, noko vi sjølvsagt er takksame for, seier Oddemann og Roy-Arne Folkestad som arrangerer konserten og dansen.

Dei fortel om godt billettsal og at det minst vert sett opp to bussar, kanskje tre.

Dette vert fjerde gongen Folkestad-brørne arrangerer konsert i heimbygda. Tidlegare har dei hyra inn Jan Eggum, Ole Paus og Benny Borg med suksess. Denne gongen slår karane altså til med to artistar.

Olav Stedje opnar kvelden der han kjem til å spele både nye låtar og  klassikarane.

Det er tretti år sidan BokkeReidars spelte på Folkestad. Dei er svært gira på å gi folk ei stor oppleving, og det vert trøkk når eit av landets beste bluesband entrar scena, lovar brørne.

Sponsor

Folkestad-brørne er svært takksame for lokal sponsorstøtte då arrangementet er på eigen risk. Marine Harvest er ny hovudsponsor.

- Dei har anlegg i fjordane i området og synest det er fint å yte noko tilbake til det lokale kulturlivet. Det set vi umåteleg stor pris på, seier brørne.

Dei takkar også Aurstad AS, Dale Vindu og Interiør og TINE-meieriet i Ørsta for god støtte.

Fellesbillett til Stedje/BokkeReidars er til sals på Narvesen i Volda og på Coop Folkestad. På Narvesen får også dei som ønskjer det utdelt gratisbillett til bussturen.

Billettar til overs vert selt ved inngangen.