Det seier statsminister Erna Solberg til Møre-Nytt.

Solberg besøkte tysdag Ulsteinvik der ho mellom anna møtte lokale representanter for næringsliv og myndigheter, i tillegg  til kunnskapsmiljøet i regionen. Tema for møtet var suksessfaktorer og utfordringarfor den maritime industriklyngja på Sunnmøre.

Kritiske

Høgre ivrar for større kommunar, men sjølv om statsministeren rår til å diskutere samanslåing av Ørsta og Volda, peikar ho også på at kommunane ikkje har den kritiske mengda tenester som kanskje er det største fokuset i samanslåiongsdebatten.

- Men Ørsta/Volda vil få mange regionalesynergieffektar ved ei samanslåing, seier Erna Solberg og legg til med glimt i augo:

- Dette bortsett frå at ein misser arnestadane for deistørste vitsane om rivalisering mellom to kommunar. Ulikskapane mellom Ørstaog Volda er jo godt kjende. Og det er ikkje berre eg som har familie herifrå som kjennertil dette. Heile landet kjenner til at det er her alle nabofeidane startar,humrar Solberg.

Ho ser også føre seg samanslåing av andre kommunar i området.

- Eit spørsmålet erkven som stel namnet Sunnmøre først, seier ho.