Nei, han er verken "slagen", sur, bitter eller sint for at Hafast vart vedteke som E39. Styreleiaren i Fefast, Paul Kristian Hovden, er sjølvsagt skuffa, men like mykje oppgitt.

For Hovden meiner at regjeringa har hoppa bukk over alle faktorar det var naturleg å bruke i vurderinga av kva som skal vere den nye stamvegen.

Mangelfull

- Dei har glatt oversett alle faglege råd og føringar. Argumentrekkja som er brukt er i beste fall mangelfull. Ikkje har ein pengar heller. Får ein løfte om det er det i beste fall monopolpengar. Stakkars Siv Jensen som skal finne pengane.

Gravferdsagenten og varaordføraren er mild og forsiktig i måten å prate på. Men innvendig brenn det. Ikkje berre over at Hafast vert ei dårlegare, dyrare og meir sårbar løysing enn Fefast, slik Hovden vurderer.

Men mest over at det er folk flest som må betale Hafast-rekninga, slik Hovden trur.

Storpolitikk

- Når Hafast vert valt fortel det meg at storpolitikk handlar om å fullbyrde eignevisjonar i staden for å tenkje fellesskap. Heile denne prosessen har vore eit spel for galleriet, miener Hovden som viser til at fylkesting og fylkespolitikarar for lenge sidan låste seg opp med å velje Hafast, sjølv om mange ting kring prosjektet ikkje har vore avklara. Sentralt i dette ligg ein hestehandel der Nordøyvegen og Hafast har vore partar, vurderer Fefast-styreleiaren med heva hovud.

Tysdag snakka Paul Kristian Hovden med medlemmer av Fefast sitt styre. Nei, det handla ikkje om nedlegging av selskapet - tvert imot. Hovden er nemleg alt anna enn sikker på at Hafast vert realisert sjølv kor sikker han var på det, Harald T. Nesvik, då han offentleggjorde stamvegvalet i vårt område måndag.

- Sjå tilbake på saka om storflyplass. Først kom ei endeleg avgjerd om Fornebu. Så vart det Hurum, og deretter Gardermoen. Først det siste og beste alternativet vart det endelege, forklarar Hovden som også viser til at ingen - ikkje verdast beste ingeniørar ein gong  - har klart å finne ei løysing på korleis ein skal stoppe storbårene i Breisundet.

Igjen:

- Nei, eg er ingen "slagen" mann. Eg gratulerer Hafast-gjengen for godt utført arbeid. Men eg er berre skuffa over at vi alle vert taparar når storsamfunnet sine verdiar vert brukt på feil måte.