- Ved å få realisert bådeFefast og Storfjordsambandet, som inneber atfylkesveg 60 kjem i fast samband overStorfjorden med direkte tilknytning til E136 ved Digernes i Skodje, viltre ferjestrekningar verte erstatta med bruer. Det vert mykje ferjeavløysingsmidlar av slikt, forklararMyklebust.

Han ønskjer at kommunanestøttar skikkeleg opp om eit samarbeid mellom dei to bruselskapa, og samanjobbar mot ei realisering av prosjekta raskast råd.

- Må ha brusamband

Sjølv om Hafast ein gongtrulrg vert bygt meiner Hans Olav Myklebust at næringslivet langs kysten og pendlaranelikevel treng brusamband som i framtida erstattar ferja mellom Festøya og Solavågen.

- Ja, for det er sjølvsagtikkje slik at sjølv om Hafast vert stamveg, så er alt håp ute for Fefast. For tungtrafikkenvil det uansett vere uaktuelt å køyre verdas djupaste tunnel.

Trafikkgrunnlaget overFestøya er stort, og samarbeid med Storfjordsambandet, der Ørsta er aksjonær,vil styrkje brubygging over fjorden, vurderer Myklebust.

Han meiner det er godesjansar for at bru frå Festøya til Solavågen kjem før Hafast.

Uansett meiner han at eikryssing av Ørstafjorden må kome aller først.

Skuffa

Myklebust seier han er utruleg skuffa over atHafast vart E39.

- Egkonstaterer at lokale omsyn for Hareid og Ulstein veg tyngre ennstamvegfunksjonen.

- Kva forteldette?

- Det fortel atdei har vore veldig flinke med lobbyverksemd på ytre i mange år. Dei startalenge før Ørsta starta med Fefast, seier Myklebust.

Han seier seg samd med Petter Bjørdal somkritiserer planavdelinga i kommunen for å liggje bakpå i vktig planarbeid.

- Kommunen burde vore komenmykje lenger med fjordkryssingsprosjekta. Fjordkryssing var tema også for ti årsidan i Ørsta. Ein er nøydd til å gje gass dersom det skal skje noko, seier Frp-politikaren.