Det seier NordfjordkryssingAS i ei pressemelding etter valet av Hafast.

Forkjemparane for midtre line meiner valet av Hafast styrkjer midtre i kampen mellom dei to E39-alternativa i Nordfjord.

- Midtretrase gjennom Nordfjord vil gje dei same effektane som Hafast. Det er desse totraseane som gir klart størst regional utvikling. Ein vil binde saman heileNordfjord og større delar av Nordfjord med Søre Sunnmøre, seier Nordfjordkryssing.

Modellane

-Alle er einige om at nytten er størst i midtre – bådegjennom modellane på trafikantnytte til Statens vegvesen og gjennom utrekninganesom er gjort på verdiane av den regionale utviklinga, seier Nordfjordkryssing.

-Videler først og fremst gleda med våre naboar, men vi er også glade påvegne av Sogn og Fjordane. Regjeringa har vist at ein ønskjer å investerefor framtida i vår del av landet. Det at Ferjefri E39 no blir realisert er einfantastisk arv vi gir til våre etterkommarar.

- Midtre vil over tid uansett vere den beste investeringa. Ser eini tillegg på verdiane av regional utvikling, billigare bruteknologi, korrekteverdiar ved ferjeavløysing samt gevinstane ein får ved effektivisering avsamfunnstenester, er det liten tvil om at midtre er det langsiktige valet, meiner forkjemparane i Nordfjordkryssing.