Det seier ordførar Rune Hovde etter at Hafast vart valt som framtidig E39. Hovde meiner ein no må kjempe fullt og heilt for Ørsta sine interesser.

Snakke stygt

- Det er ingen vits i å furte over vedtaket frå regjeringa og å snakke stygt om nokon. No må vi berre kjempe for Ørsta sine interesser, og få på plass ei fjordkryssing snarast råd. Eg trur styresmaktene er villige til å lytte til oss når vi frontar dette, kommenterer Hovde.

Han meiner det er høgst realistisk at ein kan få realisert Ørstafjordkryssing før Hafast vert realisert.

- Ja, no kan ein byggje fjordkryssinga i Ørsta som eit første prosjekt og såleis spare eit andre løp i Eiksundsambandet. Regjeringa seier at det vil ta tid før Hafast blir realisert, og seier at noverande ferjesamband Festøya - Solavågen skal styrkast.  Tungtrafikken vil også i åra som kjem velje den kortaste, flataste og raskaste vegen, så kryssing av Ørstafjorden er framleis det einaste naturlege og på kort sikt realiserbare alternativet, meiner ordføraren.

På neste formannskapsmøte vil han ta opp fjordkryssing og ein framtidig strategi kring dette som tema.