– Tilsette i både administrasjonen og i produksjonen vert råka, fortel dagleg leiar Hallvard Pettersen.

Volda-bedrifta har starta ein omfattande nedbemanningsprosess etter at bedrifta må kutte 20 millionar kroner som følgje av økonomiske konsernproblem.

Tilpasse

– Vi er nøydd til å tilpasse oss ordreinngangen og den omsetninga vi har hatt siste åra, seier Pettersen.

Sidan november i fjor har ein del tilsette, for tida sytten personar, vore permitterte. No vert det altså jobba med ein nedbemanningsplan der denne prosessen skal vere avslutta i løpet av april.

– Vi er i god dialog med fagforeiningane på huset for å finne gode ordningar for alle som vert råka. Om lag like mange i produksjonen som i administrasjonen vert råka, seier Pettersen.

I dag har Scana Volda 157 tilsette. 78 er tilsett i administrasjonen og 79 i produksjonen.

– Korleis er stemninga no i bedrifta?

– Det er sjølvsagt tungt for dei som vert råka av oppseiing. Dette er flinke folk, og det er slett ikkje kjekt å ha gåande ei nedbemanningsrunde. Gjennom ein ryddig og god prosess prøver vi å hjelpe desse så godt vi kan til å få ein så mjuk og god overgang som muleg over til noko anna, seier Pettersen. Han legg til at det også vert lagt opp til naturleg avgang for nokre.

– Korleis ser det ut framover?

Ankerhandterarar

– Vi har ordrereservar til august, men ventar å få inn noko meir. Framover er det ein del ankerhandterarar som skal byggjast. Men slike prosjekt tek tid å få finansiert, og tid er ei utfordring, erfarer Pettersen.

– Kan det kome ei ny rundemed nedbemanning?

– Det er vanskeleg å svare på. Vona er sjølvsagt å auke volumet vårt og produksjonen.

– Vil nedbemanninga få konsekvensar på produksjonsspekteret?

– Nei, vi skal klare å halde dette på same nivå som i dag, men vi er nøydd til å justere oss noko ned.