Bilforhandlaren Autoservice vart frå 1. april lausriven frå Møller-gruppa, og no har selskapet starta eigenimport.

– Kundane vil ikkje merke noko. Autoservice held fram som før, seier dagleg leiar Kjell Snipsøyr.

50 år

Etter å ha vore forhandlar for Harald A. Møller sine merke i nærmare 50 år, vart det frå tysdag formelt slutt på dette. Etter at Sandven Gruppen kjøpte 63 prosent av aksjane i Autoservice i Ørsta i fjor haust, ønskte Møller å avslutte samarbeidet med den tradisjonsrike Ørsta-forhandlaren. No skal Autoservice selje bilar etter «Sandven-metoden». Sandven er landets største bruktbilimportør.

– Vi skal no ha dobbelt så mange bilar her på huset enn før. Vi skaffar absolutt alle dei bilmerka kundane ønskjer, og har attraktive bilar på lager til ei kvar tid, fortel Snipsøyr.

Han legg til at Sandven i fleire år har selt mykje bilar her i distriktet sjølv om selskapet har base i Bergen.

Skoda

Framleis er det Volkswagen og Audi som gjeld for autoservice,  men no vert det også satsa på Skoda.

– Vi skal i løpet av året byte ut Autoservice-namnet til Sandven Ørsta As, fortel Snipsøyr.

Han er overtydd om at selskapet etter lausrivinga frå Møller no vil få betre lønsemd.

– I fjor gjekk vi i minus, medan vi har kome godt i gang med 2014 med positive tal. Men bilmarknaden er ikkje heilt friskmeld enno, opplever den daglege leiaren.