– Det skal handle om eitt tilfelle av seksuelt overgrep, seier politiadvokat i Sunnmøre politidistrikt, Inger Myklebust Ferstad til Møre-Nytt.

Varsla

Saka vart avdekt i februar i år då jenta sine foreldre varsla politiet. Overgrepet skal ha skjedd for meir enn eitt år sidan då jenta var 12 år. Den sikta læraren hadde då jenta som elev på skulen i kommunen.

Læraren har vore varetektfengsla og er no lauslaten. Den mannlege læraren skal vere suspendert frå stillinga si.

Etterforskar

– Vi etterforskar framleis saka, seier Myklebust Ferstad.

Politiadvokaten opplyser at minstestraffa for det læraren er sikta for er tre års fengsel.

– Det kjem ei eiga overtredingsstraff når saka handlar om born under 14 år, seier politiadvokaten.

Politiet har ingen grunn til å tru at saka omfattar fleire enn den fornærma i denne saka, seier politijuristen i Sunnmøre Politidistrikt.