– Premierenervane vert berre verre og verre, innrømmer forfattar Grepstad, som til dagleg er direktør for Nynorsk kultursentrum.

Han har frå før gitt ut fleire bøker og vore medforfattar, medredaktør og redaktør på nær sagt tallause bøker og skriv. Og 1. august er altså dagen for lanseringa av «Historia om Ivar Aasen».

Heimlaus, frendelaus og lite kjend?

Grepstad har truleg lite å frykte. I ein omtale i Dagbladet kalla dei den nye biografien om Ivar Aasen for den beste bursdagsgåva han kunne få. 5. august fyller nemleg mannen bak nynorsken 200 år.

– Og det er mange mytar og vrangførestellingar om Ivar Aasen. Desse vil eg rydde av vegen. Det handlar til dømes om at han gjekk rundt i Kristiania og var fattig, einsam og hjelpelaus. Det var han nemleg ikkje.

Ei folkebok

Grepstad, som Ivar Aasen, har lagt stor vekt på å ikkje skrive noko som ikkje er sant. Dersom han har vore i tvil har han understreka dette.

– Eg ville lage ei lett tilgjengeleg bok. Den er fagleg basert, men også slik at folk ikkje må kunne så mykje om språk og litteratur for å lese den. Det er ei folkebok. Og så var planen at den skulle vere litt kortare enn den vart, humrar Grepstad.

Han summerer det enkelt opp.

– Boka gir eit moderne bilete av Ivar Aasen, for folk flest.

Fysisk vondt

I fire år har han jobba med boka. I dei siste månadene meir intenst.

– I periodar har det rett og slett gjort fysisk vondt. Men så bikkar du ein bakketopp, får lest gjennom manuset for første gong, og kan sjå at du har noko bra på gong. Då losnar det.

I boka har Grepstad lagt stor vekt på å få fram korleis Ivar Aasen arbeidde og kva metodar han brukte for å kome i kontakt med folk.

– Han var eit oppkome av historier etter alle reisene sine. Når han kom til ein ny stad snakka han med prest og lensmann og andre som var naturleg å prate med, men han besøkte også vanlege folk, og bad både dei og barna om å fortelje historier til han slik at han fekk høyre den meir naturlege daglegtalen.

Aasen skal ha hatt ein uvanleg evne til å kome i kontakt med folk. Grepstad meiner oppveksten og bakgrunnen som bondegut frå Ørsta var vesentleg.

– Den sosiale bakgrunnen til Aasen var ein styrke. Han kunne snakke med kven som helst, sjølv om han kom som framandkar.

Lange reiser

Dei mange reisene til Ivar Aasen er vesentlege i boka. Dei gjer at det er muleg å forstå kva arbeid han gjorde.

– I 1840 åra var han på ei lang og samanhengande reise. Den er han mest kjend for. Då reiste han 4.000 kilometer. Men det som også er viktig er at han i åra frå 1850–68 reiste heile 21.000 kilometer til saman.

I løpet av alle reisene sine var Aasen innom over halvparten av kommunane i landet. Han var heilt nord til Tromsø, og var innom alle fylke unntatt Finnmark.

– Det er berre å prøve å gjere det same. Han var på reise i snitt kvar 3. dag i 23 år. Reisetid var tenketid for Aasen. Han hadde eit uvanleg godt minne og kunne bearbeide inntrykk og kunnskap frå stad til stad, skildrar Grepstad.

– Nynorsk, ikkje dialekt

Frå tidleg av var ikkje språk noko som tok opp for mykje av tida til Ottar Grepstad. Men bestemte meiningar hadde han. Han vaks opp i Ryfylke, men dialekten la han av seg for fleire år sidan.

– Det var ei viljeshandling då eg flytta derifrå. Eg har aldri vore ein del av dialektbølgja i målrørsla. For meg er det nynorsk og ikkje dialekt, seier Grepstad.

Interessa for språk starta å kome for fullt då han byrja å jobbe i Samlaget i 1980.

– Det gjorde noko med meg. Og det vart forsterka frå 1999 då eg byrja å jobbe i Aasen-tunet.

Og no er språket ei drivkraft i arbeidet han gjer. Grepstad røper at han har ei bok til i ermet, men så må det vere stopp. Og aller først er det «Historia om Ivar Aasen» som er i fokus. Og premierenervane, som altså vert berre verre og verre.

– Nervane har ikkje så mykje med alder å gjere, men det handlar om at dess meir du skriv, dess meir aukar dine eigne ambisjonar og krav til deg sjølv. Har det gått bra før, så ønskjer du at det skal gå bra igjen, seier han.

I dag (torsdag) er det lansering av boka i Ivar Aasen-tunet, og foredrag ved Ottar Grepstad.