– Det er heilt fantastisk å ha fått på plass denne utstillinga. Sjølv om arbeidet drog ut i tid, er det ein sluttattest å få oppleve at dette kom i stand, seier Kjell Viken, mangeårig pådrivar for å få bygd fyrmuseet på Dravlaus.

Samla i førti år

I sommar er han ein av dei frivillige guidane som gaidar besøkjande rundt på museet og fortel om historia til fyr- og merkevesenet. Viken har sjølv arbeidd i bransjen i mange år, og har brukt mykje av fritida på å samle inn gjenstandar og dokumentasjon.

– Innsamlinga har gått føre seg sidan slutten av 1970-talet. Tidlegare har vi berre hatt eit lager å ha det på, ikkje eit heilt museum, seier Viken.

At museet er plassert akkurat i Dalsfjorden, er ikkje tilfeldig. Det var her fyrpioneren Ole Gammelsen Mork budde på 1800-talet. Han rekrutterte vener og grannar, og danna reiselag som bygde fyr langs kysten.

– Då fyrbygginga var på topp, var vel tre hundre mann i sving. Dei fleste frå Volda og Ørsta. Då merka ein det på folketalet på bygdene. Fyr- og merkevesenet og hamnevesenet var i mange tiår den største arbeidsgjevaren i Volda kommune, fortel Viken.

– Bør ta turen

No står altså museet ferdig, og er ope for publikum. Den offisielle opninga fann stad på mørkaste vinteren i november i fjor, så det er no dei har sin første turistsesong.

– Å opne i den mørke årstida var ikkje så publikumsvenleg. Likevel har vi hatt mange grupper, lag og organisasjonar på besøk. Det har til og med kome 50-setars bussar med folk hit. Det har vore veldig positivt, seier Viken. Han skulle likevel sett at fleire lokale tok turen innom museet.

– Eg er litt skuffa over at det fins mange fyrarbeidarar her i dag, inklusive pensjonistar, som enno ikkje har sett museet. Dei bør absolutt ta turen og støtte opp, minner han om.

Imponert

Onsdag denne veka hadde fleire besøkjande teke turen til Dravlaus i finvêret for å sjå på fyrmuseet. Ein av dei var Harald Ulvestad, som har skrive boka «Fyrbyggeren» om faren Elling Ulvestad, som arbeidde med fyrbygging heile livet.

Ulvestad er mektig imponert over korleis eldsjelene bak fyrmuseet har arbeidd for å få alt på plass.

– Dette har vorte heilt fantastisk, takka vere Kjell Viken og medarbeidarane hans. Museet er strålande, og viser kva eldsjeler får til når dei legg kloke hovud saman og får skrapa saman nok pengar. Eg synest det er ei nasjonal hending. Museet set ikkje minst fokus på folk frå Søre Sunnmøre, særleg Dalsfjorden, som i fleire generasjonar var fyrarbeidarar som reiste land og strand rundt, seier Ulvestad.

I sommar har fyrmuseet ope kvar onsdag, torsdag, fredag og søndag. Elles etter avtale.

Kjell Viken og styreleiar Arnt Ove Wiik på Dalsfjord fyrmuseum har vore to sentrale karar i arbeidet med å få realisert museet. I sommar gaidar dei besøkande rundt i utstillinga.
Harald Ulvestad har skrive bok om faren sin, Elling Ulvestad. Onsdag vitja han Dalsfjord fyrmuseum.