Dagleg leiar Even Rotevatn på Stamina Hot på Spinneriet i Volda registrerer at det også i år er mange som vil bruke nyåret på å kome i form.

– Vi har ein del sal av nye medlemskap no. Folk ønskjer å trene etter nyttår, stadfestar han.

Styrkjetrening

Når det gjeld treningsform, vel folk i alderen 35 år og oppover gjerne gruppetreningar og spinning, medan dei yngre kundane er ivrigare på styrketrening, opplyser Rotevatn.

– Det er også ein trend no at fleire og fleire jenter vil trene styrkje. Det merkar vi på senteret, seier han.

– Er det skilnad på kva dei ulike aldersgruppene vil oppnå med treninga?

– Dei yngre er opptekne av å forme kroppen, medan dei litt eldre, førti pluss er opptekne av førebyggande trening for å behalde helsa og halde stabil kroppsvekt. Det er naturleg nok ulikt fokus på treninga ut ifrå kva alder ein har.

– Har du eit tips for å ikkje ramle av lasset når ein startar å trene?

– Dei som greier å halde oppe treningsvanane i om lag åtte veker har større sjanse for å behalde treninga som ein varig vane. Bit tennene saman dei første to månadene og fokuser på halde nyttårsforsettet. Stoppar ein før den tid, stoppar det lett heilt opp, seier Rotevatn. For å unngå fråfall, følgjer dei opp kundane i starten.

– Dersom dei ikkje møter på treningane dei første månadene, ringjer vi og spør om dei treng hjelp til å kome i gang att. Då får dei tilbod om time med treningsrettleiar.

Fem gongar i veka

På treningssenteret var Brynjar Muren (18) frå Volda og Ole Martin Aarset (18) frå Vartdal på tredemøllene torsdag.

Muren byrja trene fast for tre år sidan. Sidan har han trent meir og meir, og trenar no fem dagar i veka for å halde seg i form.

– I starten var det ei sosial greie. Vi var fleire kompisar som trente som ei erstatning for fotball, seier han.

– Kvifor trenar du?

– Ein vert sterkare og får meir overskot av trening. Dersom ein ikkje trenar, vert ein slapp. Det er ikkje behageleg, seier Muren.

Motivasjonen held han oppe ved å stadig setje seg nye treningsmål.

– Det er veldig herleg å akkurat greie å nå måla, seier han.

– Kva må til for å ikkje slutte med treninga?

– Ein må ikkje hoppe over ei trening av ein dårleg grunn. Det er ikkje kjekt å starte på att etter å ikkje ha trent ei stund, seier han.

Dobbelt så mange etter nyttår

Kameraten Ole Martin Aarset teikna ny kontrakt på treningssenteret denne veka. Han har slutta på fotball, og vil difor bruke treningssenter i staden.

– Her driv eg med individuell trening. Eg trenar fordi det er sunt, eg greier mykje meir og får overskot. Ein får ein stor gevinst av treninga etter ei stund, seier han.

Etter nyttår har dei observert at mange nye har kome på treningssenteret.

– Denne veka har det vore utruleg mykje folk her. Det er i alle fall ei dobling. Men det vert vel i år som i fjor, at mange dett av etter kvart, smiler Muren.