Widerøe fryktar høgare billettprisar eller redusert rutetilbod dersom regjeringa fjernar botnfrådraget i startavgifta som Avinor krev inn av flyselskapa.

Det er avisa Nationen som melder dette. Etter det Nationen erfarar, ønskjer regjeringa å fjerne dette frådraget frå  neste år.

Flyselskapa må betale startavgift kver gong eit fly tek av frå ein av Avinor sine  flyplassar. Avgifta aukar med flyet si vekt, og hensikta har vore å gjere det lettare å oppretthalde flytilbod på korte strekningar og med mindre fly. Å fjerne frådraget vil gå ut over prisar, flytilbod eller begge deler, fryktar Widerøe.

Mindre fly

– Nok ein gong skjer slike avgiftsforverringar, og som tidligare kjem det isolert sett til å føre til at at billettprisane går opp, eller at rutetilbodet vert mindre enn det elles hadde vorte. Dette gjeld alle kommersielle ruter i distrikta, seier kommunikasjonsdirektør i Widerøe, Richard Kongsteien.

NHO Luftfart meiner at fjerning av botnfrådraget vil gå spesielt ut over mindre fly, som dermed får høgare startavgift enn dei elles ville fått.

Samferdselsdepartementet har overfor Nationen ikkje kommentert saka. Det er NRK som skriv dette.