- Det er jammen det gale når ingen bankar lenger vekslar valuta, meiner Lianes som er turistvert og som driv Nipehyttene på Lianeset.

No om sommaren har han mange turistar på besøk, ikkje minst tyskarar, og mange betalar for opphaldet kontant med euro.

- Eg kan sjølvsagt ikkje bruke euro her og må veksle dei til norske pengar. Men med kontantfrie bankar over alt er det heilt umulig, heller ikkje i Ålesund får eg gjort dette, erfarar Lianes.

Kjøpe

Kundane kan kjøpe euro i  nokre lokale minibankar, men veksling av valuta vert ikkje gjort i bankane lenger. Og då får Elias Lianes eit problem.

- Det er berre på dei store flyplassane i landet ein kan veksle utanlandsk valuta, i tillegg til Forex. Men vi bur jo her vi bur, og då er det håplaust å få veksla euroen til norske pengar. Det er no litt gale viss eg må reise på ferie til utlandet for å få gjort dette, seier Lianes.

Han vil gjerne ha kontakt med folk som skal på ferie og som treng euro.

- Eg har rikeleg med euro i kontantar, så det er berre å ta kontakt, oppmodar turistverten som synest bankane si effektivisering har gått vel langt.

- Bankane skal yte sørvis, men det gjer dei ikkje når folk ikkje kan få utført ei teneste som å veksle utanlandsk valuta. Så då får eg starte eit vekslekontor sjølv, seier Lianes med glimt i augo.