- 15. august er søknadsfristen for idrettslag, idrettsråd, særkrinsar/regionar og AS på kompensasjon for vare- og tenestemoms. Til no har berre 122 av idrettslaga i fylket søkt. Totalt har vi nesten 500 idrettslag, seier Siri Ask Fredriksen som er  organisasjonssjef i Møre og Romsdal idrettskrins.

I 2014 var det berre  243 klubbar som søkte, og desse fekk tildelt rett i overkant av 16 millionar kroner.

- Dette betyr at idretten i Møre og Romsdal går glipp av mykje pengar som kan bli brukt på aktivitet. Totalt er ramma til fordeling i heile Noreg 1,2 milliardar kroner, og er søknadssummen over dette blir det ei forkortning på tilskota til mottakarane, seier Fredriksen.

Kompensere

Føremålet med ordninga er å kompensere dei kostnader som frivillige organisasjoner har til merverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

- Søknadsprosessen er enkel og tek kort tid, så kvifor det er så mange som ikkje søkjer er vanskeleg å svare på. Kanskje har vi ikke rett kontaktinformasjon til alle laga, spør Fredriksen.

Om det er idrettslag eller idrettsråd som ikkje har fått informasjon om at dei kan søkje, eller ikkje får til å søkje, så er det viktig at dei tek kontakt med idrettskrinsen så snart som mulig, etter 15. august er det for sent, seier Siri Ask Fredriksen.