Fredag opnar festivalen med konsert i Ørsta kyrkje.

Kontrabassist Torkjell Hovland presenterer sitt solo-prosjekt: Stilla er truga og roma for å kjenne på stilla i kvardagen vert færre og færre. Men kva gjer deg stille? Er det berre fråveret av lyd, eller kan det vere lyden av fuglar, elva, vinden? Kan ein oppleve ei djupare stille når ein lyttar til musikk og kva er det i ein bånsull som gjer ein stille?

Lena Nymark presenterer låtar frå sitt første soloalbum, "Beautiful Silence" saman med jazzpianist Erlend Slettevoll frå Volda.

Ørstingen Stig Ove Ose spelar til dagleg bratsj i Oslo Filharmonien. Han framfører Vocalise av Rachmaninov saman med pianist John Inge Leira Bjøringsøy og to stykker av Brahms saman med sopran Karen Rosenberg Olsen.

Sopran Karen Rosenberg Olsen frå Ørsta og mezzosopran Silje Vatne Heggem møttes som songstudentar ved Barratt Due Musikkinstitutt og har saman etablert duoen Duo ChiaroScuro. Chiaroscuro (Italiensk for “lyst-mørkt”) er ein del av den klassiske songteknikken bel canto, som har sitt opphav frå Italia. Den viser til ein briljant og klar lyd som er kopla med ein mørk klang, som ofte vert oppfatta som ein stor djupne eller varme. Repertoaret dei presenterer er blant dei vakraste ariane og duettane frå operaens verd. Med seg på Sommarljom har dei pianisten John Inge Leira Bjøringsøy frå Bjørke.

Tome butikklokale

Brattvågaren og jazztrommeslagaren, Henrik Lødøen flytta til Volda i 2008 for å gå musikklina der. I Volda og Ørsta vart han teke godt imot og flittig brukt i fleire settingar. Han tek no til på siste året ved jazzlinja i Trondheim og har i seinare tid samarbeidd med fleire av landets fremste musikarar, både på plate og i live-samanheng. Etter å ha spelt i innland og utland med diverse prosjekt kjem han no tilbake til Ørsta for å gjere sin solo-debut! Laurdag spelar han i Vikegata, og fyller tome butikklokale med liv og lyd.

The Jist er ein duo med gitaristen Torgeir Hovden Standal frå Ørsta og vokalist Natalie Sandtorv frå Ålesund. Sjølv om dei begge vaks opp på Sunnmøre var det først når dei flytta til Oslo at dei byrja å spele saman. Inspirert av livet i storbyen byrja dei å utforske og skape store lydlandskap i eit lite format. Med gitar, vokal og diverse elektroniske «duppedittar» improviserer dei fram dynamisk og støyande elektroakustisk musikk. Også desse møter du laurdag.

Sommarljomkveld laurdag

Denne kvelden får vi møte ein svært spanande ung duo med den klassiske klarinetisten Øystein Waage og jazzfiolinisten Håkon Aase.

Darkling er eit samarbeid mellom bassist og låtskrivar Audun Ellingsen frå Ørsta og vokalisten Wenche Losnegård. Saman spelar dei jazzinspirert popmusik med mørke understraumar som balanserer lettare melodiar og skaper eit univers som er både fengslande og interessant. Dei jobbar for tida med sitt debutalbum og kjem til Sommarljom for å presentere smakebitar frå dette.

David Skinner er ein engelsk jazzpianist som har budd i Noreg sidan 2011. David har bl.a. spesialisert seg på å spele solo-stridepiano i tradisjonen etter Art Tatum, men med eit moderne og personleg preg. I 2013 gav han ut si første solopiano plate “Diagonal Jazz” der han med stort mot, glitrande teknikk og djup stilforståing skjer seg på kryss og tvers gjennom musikkhistoria til strålande kritikkar frå bl.a. NRK. Det er ein virtous og utadvendt pianist vi får gleda av å møte denne kvelden på Sommarljom.