Vi må vurdere å stoppe prosessen med kommunesamanslåing

-Tala som kjem fram i innbyggjarundersøkinga i høve kommunereforma er så tydelege at vi må vurdere å stoppe heile prosessen, meiner varaordførar Paul Kristian Hovden (KrF).

Han støttar Olav Aambøe som i Møre-Nytt nyleg slakta innbyggjarundersøkinga og peika på at ho er eit skuleeksempel på manipulert opinionsmåling der svaret synest diktert.

Paul Kristian Hovden peikar på  ei oppbygd oppfatning av at det skal vere så stor interesse for ørstingane, og nærast eit folkekrav, å slå seg saman med Volda kommune – og motsett veg. Dette tilbakeviser han.

- Det er dei unge som i størst grad vil få oppleve konsekvensane av ei eventuell kommunesamanslåing og kjenne dette på kroppen. Innbyggjarundersøkinga viser at heile 44 prosent av dei unge under tretti år ønskjer å ha det som i dag, altså at Ørsta framleis er ein sjølvstendig kommune, fortel Hovden og held fram:

-15 prosent av dei spurde seier at kommunereforma ikkje er viktig for dei og same prosentdel seier det motsette, altså at reforma er svært viktig. Opp i dette svarer 24 prosent «midt på treet» på dette spørsmålet.

Paul Kristian Hovden er overtydd om følgjande:

- Undersøkinga om hovudalternativ i kommunereforma seier ikkje mykje anna enn at det ikkje er noko stort fleirtal for nokon ting. Det vert feil å bruke denne undersøkinga til noko. Men nokon legg stor vekt på undersøkinga, og tek ho til inntekt for det dei meiner å ha dekning for. Men eg meiner undersøkinga ikkje har betydning, seier varaordføraren.

Mageplask

Han er redd reforma kan ende opp med eit stort mageplask, slik han uttrykkjer det.

- Ingen veit jo kva reforma skal innehalde. Ein storkommune må løyse dei same oppgåvene i dag med om lag like mykje pengar, seier Hovden som er klinkande klar:

- Innbyggjarundersøkinga viser at Ørsta kommune vil klare seg godt åleine. Og den som trur at det er noko stort folkekrav for kommunesamanslåing i Ørsta tek feil. Eit betydeleg tal er ikkje opptekne av samanslåing i det heile. Då må vi stille spørsmål om prosessen må stoppast. Hadde det vore gode grunnar til det hadde vi jo hatt samanslåing for lengst, vurderer Paul Kristian Hovden.