Det byrja å koke på ein utestad i Ørsta natt til søndag: Tre personar vert melde av politiet etter at dei byrja å slåst inne på utestaden, og det oppstod eit masseslagsmål. Dei involverte må svare for lekamsfornærming og ordenforstyrring på offentleg stad, går det fram av politiloggen.

Politiet fjerna dei tre frå utestaden.

Ein annan person vert meld for ordensforstyrring etter at han i rusa tilstand vart nekta inngang til ein utestad i Ørsta. Han hevna seg ved å klatre opp på taket til utestaden fleire gonger. Politiet vart kontakta, og då dei kom, var mannen forsvunne.