Klokka 4.30 fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt av vegen ved Ørsta kyrkje. Det var to personer i bilen, der den eine var fastklemd. Sjøføren hadde truffe eit rekkverk og personane fekk skade.  Dei to personane vart køyrde til sjukehuset. Skadeomfanget er ukjent, men det skal ikkje vere alvorleg med dei.

Omtrent en time etter ulykka ved kyrkja fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Urke. Ein utalandsk bilførar fekk brotskadar som følgje av ulykka der han køyrde inn i ein murkant. Føraren hadde to passasjerar i bilen. Desse er uskadde. Sjøføren vart henta med helikopter og flogen til sjukehuset.