– Eg trur eg aldri har spelt på ein så vekkgøymd plass, seier Øivind «Elg» >Elgenes.

Han var så heldig at han fekk opne bluesfesten på Trandal laurdag.

Og for ei opning det vart. «Elg» og bandet sette med ein gong stemninga, og det vesle som var av duskregn gjorde ingenting for publikum. «Elg» var glad for å kunne spele på Trandal, for makan til stad og ikkje minst backstage hadde han aldri sett.

– Det er heilt eineståande, seier han.

Arrangørane i Bratt & Blått var også nøgde med starten.

– Blues er mora til all popmusikk. Og når vi arrangerer Trandalblues, er det noko som forpliktar. Vi må vere nøye på kva band vi slepp til, og i år er vi privilegerte med god musikk, seier Terje Myklebust i Bratt & Blått.

Alt frå fyrste tone var det fullt med folk på stemneområdet. Det var tydeleg at det å setje «Elg» som opningsartist var vellukka.

Utover kvelden kom det eine høgdepunktet etter det andre, med Latvian Blues Band, Pristine og Bryggerigangen Bluesband. Sistnemnde spelte i Løda, og skapte ei heilt spesiell atmosfære der.

I dag (laurdag) held bluesfesten fram på Trandal med mellom anna Dr. Feelgood, Lucky Peterson og Ståle Dimmen og Blaa Mixture.