Ørsta fekk ein drømmestart på kampen mot Langevåg torsdag kveld. Etter eitt minutt slo Fredrik Jørgensen eit frispark som Torstein Lianes sette i mål. Etter skåringa byrja Langevåg gradvis å ta over banespelet. Dei kom seg rundt på kant og til innleggsposisjonar fleire gonger, men klarte ikkje å skape dei store sjansane og Ørsta-forsvaret hadde kontroll. Magne Brobakke spelte sin første heimekamp i Ørsta-drakta etter overgangen frå Volda. Etter 18 minutt kom han til avslutning etter ei kontring, men Langevåg-målvakt Marius Halvorsen redda. Ein halvtime ut i kampen fekk Langevåg to store sjansar innan eitt minutt. Den første avslutninga gjekk utanfor, og då ein Langevåg-spelar var aleine gjennom var målvkat Martin Liaskar tidleg ute og fekk avverga. Etter 35 minutt avslutta Jan Marius Brekke godt, men målvakta fekk slått ballen til hjørnespark. Dei siste ti minutta av 1. omgang vart det ikkje skapt sjansar, og laga gjekk til pause med 1-0-leiing til Ørsta.

I opninga av 2. omgang gjekk det meste av spelet føre seg på Ørsta sin banehalvdel. Langevåg la press på heimelaget og hadde banespelet, men klarte ikkje å spele seg til store sjansar. Etter 64 minutt vart Mats Øvrebotten takla i feltet. Dommaren vinka spelet vidare, men assistentdommar hadde flagget oppe og signaliserte straffespark. Frå straffemerket var Brobakke trygg og dobla leiinga for vertane. Fire minutt seinare var Alexander Nalbant nær skåring, men frå skått hald gjekk avslutninga utanfor. Då det var spelt 77 minutt slo Nalbant eit godt innlegg og på bakarste stolpe heada Terje Haugen Øye inn Ørsta sitt tredje mål for dagen, og kampen var avgjort. Med fem minutt att av ordinær tid var Haugen Øye nær ved å sette inn sitt andre mål for dagen, men målvakta fekk slått ballen til hjørnespark. To minutt seinare reduserte gjestene etter eit hjørnespark. På overtid fekk Lianes kampen siste sjanse, men utan utteljing. Dermed vann Ørsta 3-1 etter å ha gått tre kampar utan siger.

- Langevåg har nokre x-faktorar som gjer det veldig utfordrande for oss. Midtstopparane våre er botnsolide. Dei er ikkje dei hurtigaste spelarane i divisjonen, men dei takla det veldig bra. Det er ein situasjon i 1. omgang der dei begge kjem på halvdistanse og Langevåg kjem gjennom, men Martin Liaskar er på og klar. Backane våre er og gode, og Knut Magnus Brautaset spelar sin andre kamp for start og er feilfri. Det er nydeleg å sjå at han tek nivået såpass, og at han verkeleg står fram er veldig kjekt, seier Ørsta-trenar Thomas Lid Kleppe.

Hovudtrenaren er godt nøgd med at Ørsta hadde god kontroll defensivt, og at det er mykje positivt å ta med seg frå kampen.

- Vi stressa ikkje Langevåg nok i 1. omgang, og Langevåg i 1. omgang er utan tvil det beste laget vi har møtt i år. Likevel fekk vi gode kontringmulegheiter på dei, og vi er gode til å truge i bakrom og skaper 2-3 store mulegheiter etter 1-0-målet. I 2. omgang klarer ikkje Langevåg å halde fram der dei slapp i 1. omgang. Då føler eg at vi har veldig god kontroll defensivt og skaper mykje offensivt. Det er veldig mykje positivt å ta med seg frå denne kampen.

Stortap

Vartdal tok torsdag turen til kunstgrasbana på Godøy. Før dagens kamp var det eitt poeng mellom laga i favør Godøy, men Vartdal hadde ingen god dag på bortebane og tapte 1-9.

Andre resultat

Emblem - Norborg 4-3

Vigra - Hareid 1-7

Larsnes/Gursken - Rollon 3-0