Rådmannen og staben hennar skal leggje fram ei sak om hallen før ferien, stadfestar ordførar Rune Hovde.

Han svarte i siste kommunestyremøte på eit grunngjeve spørsmål frå Jostein O. Mo som etterlyste når og korleis ei sak om fleirbrukshallen skal kome til politisk handsaming.

- Ørsta kommunestyre vedtok i møte 11.12. 2014 at sak om fleirbrukshallen med målsetting om byggjestart i 2016 skal leggjast fram for kommunestyret i løpet av første halvår 2015. Rådmannen stadfestar at sak om dette vert lagt fram innan fristen, og at denne også vil omhandle dei spørsmåla Jostein O. Mo stiller, svara ordførra Hovde.

Han viste til siste vedtak om fleirbrukshallen, gjort av formannskapet:

"Ørsta formannskap vedtek at Ørsta Idrettspark AS får arbeide vidare med oppdaterte kostnadsoverslag, ny førehandsgodkjenning og eventuelt nye oppdaterte intensjonsavtalar med idrettslaga i kommunen m.m.".