Det fortel leiar for flyktningkontoret, Bård Flekke.

– I første omgang snakkar vi om tre flyktningar på Vartdal, men vi har bustader til sju personar, og planlegg at så mange skal busetje seg i bygda, seier Flekke.

Kommunestyret vedtok samrøystes torsdag at administrasjonen skal lage ei sak om ekstra mottak av flyktningar frå Syria. Initiativet kom frå Framstegspartiet, og dei fekk mykje skryt for å vere pådrivar for fleire flyktningar.

Det har frå regjeringa kome ei ekstaroppmoding om mottak av flyktningar.

– Dersom kommunen seier ja, snakkar vi om totalt 48 flyktningar i år, og 40 neste år i tillegg til familiegjenforeining, fortalde Flekke.

I fjor vart det busett 21 flyktningar i Ørsta. Vil kommunen klare å ta imot det talet regjeringa no ønskjer å busetje i Ørsta? Dette spørsmålet er sentralt i saka.

– Vi skal klare dette rimeleg greitt. Men spørsmålet er om vi skal ha ei kontrollert busetjing eller ikkje. Flyktningane skal også ha gode tenester for barnehage, skule, norskopplæring og arbeidsplassar, minte Flekke om.

Liadal

Inge Kolås, som er pådrivar i saka, ville at det skulle vurderast busetjing av flyktningar i Liadal, og at finansieringa av flyktningane skal dekkjast hundre prosent av staten. Men dette enda opp som eit oversendingsframlegg.

Iveren over å opne armane for krisa i Syria er stor mellom politikarane:

Karen Høydal (Ap):

– Vi må handle raskt.

Anne Stine Foldal (Sp):

– Vi må vere med i ein dugnad som gjeld heile Europa.

Stina Aasen Lødemel (SV):

– Saka handlar om liv og død.

Ove Røv (H):

– Ta imot så mange som råd, men saka er meir omfattande enn å tenke på eit tal. Jobb mot samanslåing av vaksenopplæringa i Ørsta og Volda.

Gunnar Knutsen (v):

– Vi må ta imot fleire, men må ha system som klarer å handtere flyktningane på god måte.

Paul Kristian Hovden (KrF):

– Som rik nasjon har vi plass til å ta imot fleire.

Ola Perry Saure (Sp):

– Moralsk sett må vi gjere noko.

Per Are Sørheim (H):

– Vi treng ei god og grundig sak på mottak av fleire flyktningar.