Sunnmøre politidistrikt melder om eit trafikkuhell i Håkonsgata i Ørsta seint torsdag ettermiddag. To bilar er involvert. Kollisjonen skjedde rundt klokka 16.40.

Politiet var på staden. Årsaka til uhellet skal vere brot på vikeplikta, og førarkortet til den eine sjåføren vart beslaglagt.