Og mellom dei som tok i eit tak var administrerande banksjef Solveig Midtbø i Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Ho var mellom dei som stilte opp for å starte renoveringsarbeidet for Karjolen-bygget ved hotellet som er den nyskipa foreininga Ørsta Sentrum sin base for eit penare sentrum i kommunen.

Andre stod med hammar og målingskostar, og gjekk laus på musikkpaviljongen i Lagunepareken med friskt pågangsmot. Mellom dei var Marit Kristin Aarsæther. Ho synest initiativet om å gjere det penare i Ørsta sentrumsområde er svært bra.

Sans

- Eg har forferdeleg sans for dugnadar, og ein slik sentrumsdugnad er både viktig og verdiskapande for alle. Forfallet i sentrum har plaga meg lenge. Eg er næringsdrivande, og ser også på den måten verdien av å vise fram bygda på ein best mulig måte, seier Aarsæther.

Ho driv klebutikk på Amfi-senteret. Aarsæther ivrar for at ørsta kan få tilbake det ho kallar bygdestoltheita.

- Det vert fleire dugnadar framover, og eg håper å sjå langt fleire neste gong, seier ho. Mariann Skare har same oppmodinga:

- No må ørstingane mobilisere seg og vere med på denne flotte sentrumsdugnaden. Dei uflidde byga i sentrum er ei skam. Eg synest det er kjekt å vere med og gjere bygda vår finare, seier Skare.