Måndag, klokka er halv fem om ettermiddagen. Tre kompisar sit i ein eldre Mercedes, og har kursen mot Holmane ved Kiwihallen, ein svært populær stad for rekreasjon blant dei unge i Ørsta.

Sjåføren stoppar ved elvebredden. Det er fjøre i Ørstaelva, og sjåføren stoppar med framhjula ute i elva. Karane konstaterer at der ikkje er andre enn dei i området, og bestemmer seg for å køyre frå staden. Men då byrjar problema: Bilen rikkar seg ikkje bakover då sjåføren prøvar å rygge på dei sleipe steinane, og sakte men sikkert glir bilen framover - meir og meir. Vatnet byrjar å piple inn, og det elektriske anlegget hostar.

På andre sida av elva har folk sett kva som skjer, dei fryktar det verste, og kontaktar nødetatane. Snart er dei første mobilbilda tekne. Dei tre i bilen vert våte på føtene, og klatrar på panseret før dei endar på taket på bilen. Det kan sjå dramatisk ut, men er ifølgje mennene ikkje det. Dei tre i bilen føler slett ikkje fare for liv og helse der dei står, og vert nærast brydde over at det med eitt dukkar opp to ambulansar, politi og brannvern. Ein firehjulstrekkar frå brannvernet tek affære, ryggar ut i elva og får slept bilen på land.  Kort prosess.

Flau

På land vert tre unge menn ståande med ein flau smak i munnen - og ein liten lærepenge.

- Det var ikkje dramatisk i det heile. Vi ringde berre ein kompis for å få han til å slepe oss. Og så dukka alle desse utrykningskøyretøya berre plutseleg opp. Vi høyrde til og med at det var snakk om å sende hit dykkarar og helikopter, men det siste vart avverga, fortel sjåføren.

Han er glad nødetatane sitt apparat fungerer godt, men syntest denne gongen at det ikkje var nødvendig å setje i gang ein redningsaksjon.

No kan han vente seg eit lite oppgjer med påtalemakta.