På Facebook er det mange som spør korleis det går med Karoline som oppheld seg i jordskjelv-området som har teke over 2.500 liv. Nepalske styresmakter fryktar at talet vil stige til 4.500.

Karoline Ryslett Follestad studerer sosialantropologi ved NTNU i Trondheim. No er ho utvekslingsstudent i Katmandu i Nepal. Der bur ho i femte etasje i eit bygg, men var ikkje heime då jordskjelvet kom laurdag. No er det fullstendig kaos i landet, og det er vanskeleg å kome seg inn og ut av landet. Karoline vil heim til Ørsta, men må vente.

Pågangen er stor på Facebook om korleis det går med Karoline. Difor har mora, Kari Ryslett, lagt ut denne meldinga på Facebook i dag:

«I dag har vi ordna registering med UD og beskjeden er at ho må høyre på lokale myndigheiter til UD kjem med ein eventuell evakueringsvarsel. Flyplassen i Kathmandu har sprekker i rullebana og tilløp til kaos og det kun er bistand inn til landet no. Situasjonen er altså uavklart med omsyn til heimreise og meldinga frå UD var: Å vere der ho var og prøve å lage det så komfortabelt som mulig. Eg har ikkje snakka med henne, kun sms om praktiske ting pga. lite batteri på telefonen hennar. Sola har gått ned og det er straumlaust, mørk og kjøleg i Kathmandu no. Karoline kjenner seg trygg og har positiv innstilling, ho har no teke kvelden under ei presenning med god og varm RAB-jakke på seg!"