Breivik har etablert seg som gullsmed på Spinneriet i Volda, under det treffande namnet «Fyndel».

– Ein fyndel, ja. Eg vart fortalt at det er ein som likar å plundre med ting, som er flink til å finne løysingar og som er kreativ. Eit godt namn, synest eg.

Bak den vesle disken i lokalet han deler med kompisen Øystein Egset som driv instrumentverkstaden «Klanglab», lagar, reparerer og pussar Karl Oskar på smykke i alle variasjonar.

– Eg kan reparere og pusse søljer til dømes. Det er jo aktuelt i desse tider. Eg kan reparere og smelte om, og eg kan teikne smykke, viss nokon har eit spesielt ønske. Eg kan kanskje ikkje lage alt, men eg kan lage svært mykje forskjellig.

Vegen frå Ørsta til Volda har hatt nokre lange avstikkarar. Etter skulegang i Ørsta gjekk han på folkehøgskule. Der hadde han valfag i smykke. Det var første smakebiten.

Grunnlaget

– Det er kunsten som er grunnlaget mitt. Det er det eg har halde på med, og så visste eg ikkje heilt kva eg skulle ta meg til med. Men å halde på med smykke var artig det.

Så fekk Karl Oskar høyre om Plus-skulen i Fredrikstad som utdannar gullsmedar. To år seinare stod han med papira i handa, ferdig utdanna, men ikkje ferdig utlærd.

– Tidlegare hadde mest alle gullsmedar verkstad, men slik er det ikkje lenger. Det finst nesten ikkje jobbar lenger. Av mi klasse er det berre ei handfull som har fått jobb, og mange av dei kjem frå gullsmedfamiliar.

Karl Oskar fann si løysing i Kautokeino. Der jobba han i verkstaden til Frank og Regine Juhls, i Juhls Silver Gallery, ei ekte pionerverksemd som er vide kjent for dei som har sansen for sølv.

– Dette var ein svært nyttig lærdom. Eg lærte å verte effektiv. Her var det snakk om å lage 100 modellar i veka, ikkje ein modell på 14 dagar, slik eg var van med frå skulebenken.

I tre år budde han i nord.

Oppleving

– Det var ei god oppleving. Eg føler at eg oppdaga eit nytt land i landet mitt. Men mørketida var tung. Det tredje året var eg tappa for energi i seks månader, og eg måtte bevege meg sørover igjen.

Denne gongen til Oslo og Jewellers of Norway. Her har han vore med på å lage verdas dyraste pinsett, og han har også hatt handa på eit pinsett med kvitt gull og diamantar som vart gitt i gåve då popartisten Rihanna var i Oslo. Til grunnlovsjubileet i 2014, var han også med og designa smykke.

– Eg har fått gjere mange spennande jobbar. Og har fått brei erfaring, føler eg.

Men å leve av å vere gullsmed aleine er ikkje enkelt.

– I Oslo er det mange som er dyktige i faget. Det er kjøpars marknad.

Tilfeldigheita ville at han igjen vende snuten mot Sunnmøre.

– Eg skulle stille ut smykke i ein motorsykkelklubb i Ålesund, og så tok Øystein kontakt og lurte på om eg ikkje ville stille ut hos han også, på Spinneriet. Og så vart tanken sådd, at eg kunne prøve meg som gullsmed her heime. Det er gunstig for oss å dele lokale. Det betyr at vi kan halde ope lenger enn om vi var aleine, fordi vi tek i mot kundar for kvarandre. Og så held vi på med mykje det same, og kan bytte på utstyret. Han reparerer instrument, eg ordnar med smykke.

Karl Oskar håper at det han har å tilby, er noko som ørstingane og voldingane har bruk for, og at dei vil bruke han.

– Og så har eg eit ønske. Eg er veldig glad i steinar, men eg har aldri lært meg å slipe dei, sjølv om eg har utstyr til det. Eg trur det er mange her som har kompetanse på steinsliping, og dei vil eg gjerne snakke med, oppmodar han.