5. divisjon, Sæbø - Brattvåg 2, 4-1: Sæbø gjekk ut i høgt press frå start mot gjestane frå Brattvåg onsdag kveld, og fekk tidleg utteljing. Yngve Frøland spelte fri Mikkel Riise i feltet, og 1-0 var eit faktum.

Brattvåg 2 virka rysta og sleit med å spele seg ut mot aggresive Sæbøspelarar. Heimelaget produserte mange sjansar, og til slutt kom det nok eit mål. Tarald Harstad kom seg rundt på høgresida og slo ballen inn på bakerste, og nok ein gong var Riise på rett plass.

Brattvåg2 kom noko bedre med i kampen mot slutten av omgangen og kunne utlikna med litt flaks. Ei god Sæbø-målvakt og litt uflaks gjorde at heimelaget gjekk til pause med ei tomåls-leiing.

Heldt fram presset

Sæbø gjekk hardt ut i andre omgang også, og heldt fram med å skape sjansar. Laget og gjekk opp i 3-0 berre fem minutt ut i omgangen.

Ein dødball førte til litt klabb og babb i feltet, og Martin Sandbakk fekk ballen i mål.

Brattvåg klarte å løfte spelet sitt ein del etter skåringa, og fekk redusert på eit langskot ikkje lenge etter.

Det skapte ny spenning i kampen, men det var Sæbø som heldt fram å skape sjansar. Etterkvart fekk også Brattvåg nokre sporadiske forsøk på mål, og var nær endå ei redusering. Men så blei Harstad riven ned i feltet på veg igjennom, og dommaren peikte korrekt på straffemerket. Bjørnar Holen sette den sikkert i mål, og kampen ebba etterkvart ut.

Nøgd trenar

Trenar Mats Riise var godt nøgd med kampen:

– Vi hadde ein plan om å stresse dei tidlig på ei litt glatt grasbane og vi gjennomførte det veldig bra. Vi skapte også mange sjansar, og kunne fort ha vunne med fleire mål. Vi legg ned mange kilometer på midtbana og eg følte egentlig aldri at sigeren var truga. I tillegg kom det inn fleire frå benken å var med å heve oss igjen når vi blei litt slappe, og ekstra morosamt med debuten til Kristian Lillebø som berre er 15 år.