Kjell Arne Aurstad engasjerte seg i Torvmyrvegen då Ingvild Kjerkol frå transportkomiteen på Stortinget besøkte bedrifta torsdag. Ho fortalde at ho er Arbeidarpartiet sin sykkelpolitiske talsmann, men at ho såg at det ville vere vanskeleg for henne å bidra så mykje i vårt område, med stupbratte fjellveggar og til tider vanskelege vilkår for å kunne etablere sykkelveg.

– Torvmyrvegen er ein del av det vi treng for å få ein trygg sykkelveg mellom Ørsta og Volda. Det er ikkje til å tru at det ikkje er mogleg å få til dette. Det er snakk om ein liten bit her i Hovdebygda og Furene, og så ein liten bit til Ekset, så har vi ein trygg veg mellom bygdene. Eg fattar ikkje at de ikkje tek tak i det, sa Aurstad.

Eit av dei største hindera for etablering av Torvmyrvegen er hjortetrekket som går i området.

Pengar

– Hjorten får meir pengar enn syklistane, meiner Aurstad.

– Vi er på ingen måte i nærleiken av å nå vår nasjonale sykkelstrategi, samtykka Kjerkol, som seier at løyva til ei slik satsing er nøydd til å auke monaleg.

– Men faglege standardar er det vanskeleg å gjere noko med, sa ho, med helsing til restriksjonane som gjer at Torvmyrvegen framleis stoppar før han når heilt fram til Furene.