Det var kontrastane sin dag i regnfulle Ørsta laurdag: I eine enden av bygda vart det arrangert landbruksmesse med flotte traktorar og robuste forhaustarar - og i bygda sitt store handelshus, Amfi-Senteret, kom ein strålande senterleiar Peder Lid gåande med artisten Alexandra Joner i hælane.

25 år gamle Joner, som har dansa i musikkvideoar saman med Justin Bieber, og som har delteke i Grand Prix, leverte varene på miniscena som var rigga til i andre høgda i senteret. I ein liten halvtime serverte det ein må kalle ei lettkledd Joner og to dansarar fengjande låtar medan publikum, som talde fleire hundre, var med på leiken.

Det vart filma mykje blant publikum sine mobilar som i stor grad tilhøyrde unge  jenter med stjerner i augo.

- Vi arrangerer dette for å gi Amfi-kundane noko tilbake. Eg tippar det var kring 400 personar innom senteret under konserten, seier ein godt nøgd Peder Lid før turen gjekk til Vigra med den populære artisten.