Politikk er å ville. Dette er tittelen på ei bok av Erik Solheim. Eg er litt usikker på om høgreordføraren i Ørsta, Rune Hovde, vil at flest mogleg gardsbruk i Hjørundfjorden skal verte lagde ned, men i fireårsperioden då partiet hans, med støtte frå m.a. Frp, har hatt makta i kommunen, har gardsbruka på Stennes og Lekneset blitt lagde ned. Når sommaren er over, er det heller ikkje aktiv gardsdrift på Hustadneset heller. Og eg fryktar for gardsdrifta på Skår. Dei to som driv der er snart pensjonistar...

Desse gardsbruka som eg her har nemnt, har eg som lokallagsleiar i Hjørundfjorden bondelag, brukt å seie at dei er dei viktigaste gardsbruka vi har. Nei, dei har ikkje produsert mest mat sjølv om dei har produsert mat av høgste kvalitet. Nei, grunnen til at dei er-/har vore så viktige er at dei betyr så mykje for å bevare kulturlandskapet og dermed turismen. Utan tvil set t.d. hurtigruteturistane svært stor pris på eit aktivt landbruk langs Hjørundfjorden. Og det betyr mykje også for Ørsta kommune. Men tenkjer ordføraren og dei andre politikarane i Ørsta nok over dette?Nei, eg veit ikkje kva ordførar Rune Hovde vil - han seier knapt noko om landbruket, men at den blå-blå regjeringa med statsråd Listhaug i spissen vil fjerne dei mindre gardsbruka for å støtte dei større og meir "kostnadseffektive" gardsbruka kan det ikkje vere tvil om. Det har ho både sagt og vist i praksis ved å redsusere tilskotet til dei små gardsbruka og auke tilskota til dei store - gjerne med fleire hundre tusen.Men det har ein konsekvens.