Rehabilitering av Voldahallen vil verte så dyrt at kommunen no heller vurderer nybygg.

Voldahallen vart bygd i 1978, og er i følgje kommunen sterkt prega av slitasje og etterslep på vedlikehald.

– Voldahallen har ikkje hatt systematisk vedlikehald. Dette har gjeve seg særleg synlege utslag på dusj- og garderobeanlegget. Kommunen bestilte ein tilstandsrapport som viser eit kostnadsoverslag på renovering til 25 millionar kroner. Med tillegg av ulike andre kostnader, vil kalkylen kunne kome over 30 millionar.

Renovering vil ikkje utløyse tippemidlar eller deltaking frå fylkeskommunen på investeringssida. Rådmannen foreslår difor at det vert sett i gang ein prosess for å avklare nærare forhold rundt ei eventuell bygging av ein ny hall.

Dagens hall har eit brutto flateareal på 1.725 m2. Ein ny Voldahall for å erstatte fylkeskommunen og kommunen sin bruk i dag er stipulert til 2.000 m2.

– Grovt kan ein slik hall kostnadsestimerast til 40 millionar kroner, skriv rådmannen i Volda i sakspapira til formannskapet.  Saka skal opp 21. april.

Ved nybygg vil det også vere mogleg å få tippemidlar og støtte frå fylkeskommunen på til saman rundt 20 millionar kroner.