Den siste dagen av X2-Festivalen var det endeleg duka for Xboard. Det heile starta med freerides der utøvarame fekk gjere seg kjent med løypa og varme opp før sjølve konkurransen. Deretter var det timetrials, kor det var om å gjere å ha raskast tid frå starten til slutten av løypa. Videre vart det heldt heats kor gruppene med den beste tida frå timetrial-rundane konkurrerte om finaleplass. I alt var det 36 påmelde, der tjue av dei deltok i konkurransen.

Konkurransen som er den første delen av Noregscupen for downhill skateboarding fann stad i eit tett bebudd bustadfelt i Volda, og mange førehandsreglar måtte takast for at konkurransen skulle gå sin gang. Trafikken vart sperra av, vakter sørga for at ingen var i bana og Røde Kors var på staden som tryggleikspersonell, klar for ein kvar situasjon som kunne oppstå.

Nervepirrande finale

I finalerunden var Esaja Ekman frå Sør-Afrika raskast av alle, og stakk av med sigeren. Han har berre godt å seie om dagens konkurranse.

- Det var veldig bra organisert, og kjempebra stemning, fortel Esaja.

- Det som er spesielt med denne løypa er at det er så utfordrande asfalt, det gjer at marginane vert små og kven som helst kan vinne, legg han til.

Det vart ein skikkeleg kickstart på årets sesong for den unge longboardkøyraren, som berre har konkurrert i sporten i to år. Videre skal han delta på mange konkurransar utover våren både i Europa og USA, og håper han greier å halde nivået på topp under heile sesongen.

Ali Nas var også med i konkurransen, og har vunne X2 to år på rad tidligare. Han låg i teten under heile konkurransen, og såg ut til å vinne, men då det gjekk gale i ein av dei siste svingane suste dei andre forbi, og han enda på ein fjerdeplass.

- Konkurransen er beinhard i år, og det gjer det veldig spennande. Det gjer ingenting at eg ikkje vann i år, det er så bra opplegg og vi sett enormt pris på det dei lokale gjer her for at det skal gå rundt.

I målområdet hadde både store og små møtt opp for å få med seg konkurransen. DJ, matservering og kommentator sørga for å halde stemninga oppe under heile seansen. Leiaren for Xboard, Espen Eliassen, er godt nøgd med korleis dagen utspelte seg.

- Det har vore veldig god stemning i dag, og høgt nivå, fortell han.

Resultat

Open klasse:

1. Esaja Ekman

2. Jørund Bratset

3. Adrian Jancey

Juniorklassa:

1. Jørund Bratset

2. Kristian Bjørkedal

3. Johannes Aalholm

Tekst: Isabel Haugjord

Foto: Mathias Remmereit