Ørsta kommune er på veg til å sende inn si høyringsfråsegn til pelsdyrmeldinga. Fleirtalet i eit statleg nedsett utval seier ja til vidare drift, medan eit mindretal vil avvikle næringa. Saka skal til Stortinget.

– Ei avvikling av pelsdyrproduksjonen i Noreg vil vere dramatisk for farmarane i Ørsta og då særleg miljøet i Norangsdalen. Ei avvikling her kan rive føtene bort unna dei attverande bruka og true eksistensen for bygda, heiter det i tilrådinga frå rådmannen.

Ho meiner det er avgjerande for pelsdyrnæringa i Ørsta at ein fylgjer tilrådinga frå fleirtalet i utvalet og går for ei berekraftig utvikling av næringa.