Jan Runar Holsvik, dagleg leiar i Bygg 1 Produkter AS, var det lokale næringslivet sin representant blant føredragshaldane på næringskonferansen i Ørsta sist torsdag. Han kunne fortelje ei fin historie om at dørprodusenten på vel 15 år har bygd seg opp til å verte ei solid bedrift.

– Då vi var ferdige med det første driftsåret, sat vi att med 17 kroner på bankkontoen. Då tok vi grep, fekk kontroll på kostnadane, skifta bank og gjennomførte ein retta emisjon på 250.000 kroner. I 2015 er målet å runde 100 millionar kroner i omsetning, sa Holsvik.

Ørsta midt i smørauget

Temaet for årets konferanse var «mot og motivasjon». Arrangørane ønskte å gi næringslivet påfyll i ei tid der framtidsutsiktene er dårlegare enn før. Men slik er det ikkje for Bygg 1.

– Kundane våre har fulle ordrebøker i 2015, så vi budsjetterer med eit godt år.

Bygg 1 har i dag 13 tilsette i Ørsta og 43 på dørfabrikken i Latvia. Hovudkontoret og lageret til Bygg 1 ligg på Sunnmøre.

– Det er mange som lurer på   kvifor vi vel å frakte varene over fjellet. «Det må då vere frykteleg dyrt»? Eg forstår spørsmålet, men for oss er det ikkje slik. Vi har det meste av marknaden vår langs kysten og oppover mot Nord-Noreg. Då er Ørsta eigentleg midt i smørauget.

Nettbutikk

I 2006 bygde Bygg 1 nytt lager og hovudkontor i Industrivegen i Ørsta. Her er to av fem moglege byggjesteg sett opp, og det er stort rom for å vekse.

Sjølv om Bygg 1 leverer til mange av dei tradisjonelle kjedene, som til dømes Byggmann, Norhus og XL Bygg, tenkjer dei også nytt gjennom å levere til to netthandel-butikkar for byggjevarar.

– If you can›t beat them, join them, som det heiter. Vi er nøydde til å tenkje nytt. Den oppveksande generasjonen handlar på ein heilt annan måte. Om dei ikkje kan kjøpe ei vare frå iPaden sin, er det ikkje sikkert dei kjøper det i det heile, sa Holsvik.

I fjor vart det omsett Bygg 1 -varer for ein million kroner i nettbutikkane. I år reknar Holsvik med at talet vi ligge mellom to og ein halv og tre mill. Bygg 1 Produkter har i dag ein marknadsdel på sju prosent i den norske dørmarknaden.

– Eg ser på det som at 93 prosent av marknaden er ledig, seier dørgründeren.