I Volda var 74 personar utan arbeid, syner statistikken frå Møre og Romsdal fylke.  Arbeidsløysa i Volda utgjer 1,7 prosent og i Ørsta er talet 2,3 prosent av dei  arbeidsføre.

I Volda har arbeidsløysa auka berre med ein person siste året, medan det har vorte tretten fleire ledige i Ørsta sidan mars i 2014.

Medan det på landsplan er ei arbeidsløyse på  3,0 prosent, er arbeidsløysa i Møre og Romsdal 2,5 prosent. Dette gjeld folk som er heilt ledige.

Endringar

- Møre og Romsdal er eit fylke som tradisjonelt sett merkar endringar i arbeidsmarknaden tidleg. Vi ser no at auken i talet på ledige skjer raskare her enn i landet totalt sett, seier fylkesdirektør i NAV, Stein Veland.

Han fortel at auken her i fylket har vore på 12 prosent det siste året, medan auken for resten av landet berre har vore på fem prosent. Trass auken, talet på ledige i Møre og Romsdal er framleis lågare enn i dei fleste andre fylka, syner tal frå NAV Møre og Romsdal.

- Berre Oppland, Troms og Sogn og Fjordane har lågare arbeidsløyse, seier fylkesdirektøren.