Ragnar Thorseth har vore pressemann sjølv i mange år, og han veit korleis han skal fange interessa. Derfor var det godt med journalistar, med og utan videokamera, som hadde møtt fram i heimetunet hans i Aurvågane for å få vite kva eventyraren hadde på hjartet denne dagen. Utanom journalistane var der også ein del folk som på kvar sitt vis skal vere med på å sponse roturen som Thorseth startar på 10. juni frå Herøy. 1. august klokka 12.00 skal han vere tilbake i Fosnavåg.

Ingen av dei frammøtte kunne unngå å sjå campingvogna som trona på tunet. 9. april skal kona Pen opne gatekjøkken like ved Coop-en i Tjørvåg.

- Pen er fantastisk på alle måtar. Også til å lage mat, kunne Thorseth fortelje.

Foto

Store deler av fronten på campingvogna er dekt av eit foto av ekteparet Pen og Ragnar Thorseth. Dekorasjonen på Norwegian-flya blir berre blåbær mot det som no kjem på gatekjøkkenet i Tjørvåg.

Inne i ein dobbelgarasje får presse og sponsorar ei orientering om utstyret som Ragnar Thorseth skal ha med seg på roturen tur/retur Norge-Shetland. Han blir blant anna fram ei damestrømpebukse i nylon.

- Mine edlaste deler er dei som blir mest utsett for slitasje når eg skal sitje på ei tofte og ro 18 timar i strekk. Derfor er det viktig å halde rumpa rein og tørr. Og for å klare det må eg ha på meg nylonstrømpebukse. Men eg lovar å ikkje ta ho på meg no, forsikra han.

Alle, i alle fall nesten alle, som har møtt Ragnar Thorseth får fort med seg at han er glad i damer, kvinnfolk som han sjølv seier. Og kvinnfolk vart ein viktig del av pressekonferansen torsdag også.

Då seansen inne i garasjen var over, vart dei frammøtte ståande i ein litt kald trekk framfor «Brattholm Havila» båten han skal ro med til Shetland. Bygd av av Jakob Helset i Bjørkedalen, og tilnærma kopi av båten som Thorseth rodde over til Shetland med i 1969.

Men Thorseth var meir oppteken av kvinnfolk enn av båt denne dagen. I eit hjørne utanfor garasjen stod Arild Waage, gullsmed i Ulsteinvik, og mange var nok litt spente på kvifor Thorseth skulle ha akkurat han fram på podiet.

Tannlege

- Både Pen og eg var for ei tid sidan hos tannlege i Thailand. Pen måtte trekke ei visdomstann på styrbord side, og tannlegen hadde ein stor jobb, for Pen har store røter. Då tanna endeleg kom ut, kom litt av kjevebeinet også. Eg kom på at eg ville ha tanna nærast mogleg inn på kroppen, fortalde Thorseth.

Løysinga var å levere tanna inn til gullsmeden i Ulsteinvik, og lage eit smykke av ho. No heng ho i eit gullkjede saman med eit gullsmykke han har fått av første kona, Kari.

- Kari var fantastisk, og det er Pen også. Eg har vore heldig. Pen har berga livet mitt. Det var Pen som fekk meg til å snu om på levesettet, slutte og røyke, nesten bli avhaldsmann og ta av 38 kilo, seier Thorseth - og gir seg i sving med å deklamere Wildenvey-hyllingar til kvinna.

På spørsmål frå ein journalist om kva han fryktar mest på turen til Shetland svarer han at han ikkje fryktar noko av det han har tenkt over. Alt det skal han klare.

Sta

- Eg er sta, og har skrive om ei setning frå Fader Vår. Eg tenkjer ikkje «Skje din vilje», men «Skje min vilje».

- Men til sjuande og sist er eg ein snill mann, som vil menneska og kona mi Pen alt godt. Og så vil eg gje folk gode opplevingar. Så viss de journalister lagar gode historier om meg, så har eg oppnådd noko.

*

Denne artikkelen er skriven av redaktør Anne Gry Eilertsen i Vikebladet.  Ho seier dette om møtet med Ragnar Thorseth:  "Eg har vore journalist i mange år, men har aldri opplevd maken til den pressekonferansen som Ragnar Thorseth gjennomførte etter innfallsmetoden torsdag".