– Målet er at nye ”Mylnå” skal verte eit fyrtårn, noko som gjer at folk stoppar når dei køyrer gjennom Volda, seier Elias Moe.

Han har mange spennande planar for Mylnå i Volda. Og han håper han no jobbar fram det som kan verte ein ny attraksjon for regionen.

– Vi jobbar no med å få på plass ein bakar i den desiderte toppklassa. Vi søkjer også internasjonalt. Går alt etter planen, kan eg opne dørene i nye Mylnå før jul, håper Elias Moe.

Han har i mange år drive mylnå i Volda, der det vert produsert verdas sunnaste mjøl knust i steinkverner. Han ønskjer å bevare denne institusjonen for ettertida. Og no gjer han altså grep.

– Eg har lagt ned mykje tid, arbeid og krefter i dette anlegget. For å få mylnå til å vere interessant vidare, koplar eg no mylnå opp mot eit skikkeleg steinombakeri, sterkt inspirert av bakeriet i Lom. Vi har også søkt om å verte medlem i det nordatlantiske nettverket for Ecconomuse som har opphav i Canada, fortel Elias.

Prinsipp

Ecconomusee har tre hovudprinsipp for utvikling og drift: Produksjon, formidling/læring – og sal av produkt frå føretaket.

Søknaden har støtte frå Volda kommune og kulturavdelinga i fylket. To av elementa, produksjon og sal, er allereie etablert i konseptet som handlar om å ta vare på handverkstradisjonar.

Nye mylnå skal utviklast med tanke på formidling gjennom  installasjonar og innsyn i mylnå sin mjølproduksjon gjennom eit glasfelt. Det 450 kvm store bakeriet og kafeen vert hjartet i bygget, der gjestene får nyte god bakst med utsikt til fjorden og studere vakre Folkestad på sørsida av fjorden.

I kafeen skal det også kome ei lita scene, for intimkonsertar og liknande, slik som ein kvar kulturkafe med respekt for seg sjølv vil ha. Det vert også uteservering langs fjorden når vêret tillèt det.

Tradisjonar

Mylnå i Volda har tradisjonar heilt tilbake til 1864, då den vart bygd ved Øyraelva, og driven med vasskraft. Hausten 2001 fekk Elias Moe kjøpt anlegget, og i februar 2002 var hus og maskiner rusta opp med tanke på auka sal til butikk og bakerikjeder, og dei første prøveproduksjonane kunne startast.

Mylneriet AS vart skipa i oktober 2006, og stod inntil i fjor for drift av butikk og kafe. No driv dottera til Elias Moe, Janne Moe, helsekostbutikk i lokala som snart vert del av Volda sitt nye opplevingssenter.

Mjølproduksjonen skal halde fram som før etter at moderniseringa av mylnebygget er ferdig. Dette sjølv om Elias Moe og andre mylneri møter utfordringar for drifta.

Opp og ned

– Det har gått litt opp og ned siste åra fordi det har vorte mykje vanskelegare å få tak i spelt og gamle kornsortar. Og det er i periodar vanskeleg å få tak i både rug, kveite og havre. I fjor vart det heilt tomt for spelt, rug og emmer. Den einaste måten eg kan få tak i den gamle kornsorten emmer på er viss eg betalar ein bonde i Tyskland på førehand for å få han til å produsere. Men det er uaktuelt, seier Elias Moe.

Han har sikra seg nok spelt dette året, men likar ikkje at produsentane skal kjempe om råvarene slik dei gjer i dag.

– Tilskot har forsvunne, difor har det vorte mindre lønsamt å drive kornproduksjon. Det er svært beklageleg, ja, det er faktisk slik at kornberedskapen i landet no står på spel. Og då er det alvorleg, reflekterer Elias Moe på Volda elektriske mylne.