Ørsta kommune søkjer etter to personar som skal dele på ei 98 prosent stilling som nattevakt.

- Intensjonen er heilt klart å få til dette, men vi må ta eit lite atterhald om finansieringa som skal til politisk handsaming. Det må flyttast pengar i budsjettet, og satsinga på Viketunet kjem til å gå ut over noko anna, fortel seksjonsleiar for helse og velferd i Ørsta kommune, Knut Åmås.

Kompetanse

Dei som vert tilsette skal ha helse- og sosialfagleg kompetanse, og dei skal ha eit tett samarbeid med dei andre nattevaktene i heimetenesta. Det vert lagt vekt på utvikling av gjensidig hjelp og støtte. Arbeidsoppgåvene gjeld primært å skape tryggleik om natta.

- Vi søkjer etter myndige og trygge personar, heiter det i utlysingsteksta.

Enkelte bebuarar og deira pårørande har lenge etterlyst nattevakt på Viketunet slik at dei som har heimen sin der skal føle seg trygge heile døgnet.