Og det var mange hundre liter Arne Hjorthaug og medhjelparane i NAF Søre Sunnmøre fylte på bilane som strøymde inn til Statoil-stasjonen i Ørsta i samband med den årlege påskeaksjonen.

- Hovudfokus under aksjonen er at vi skal vise oss fram for folk, og informere om kven vi er og kva vi kan tilby. Medlemsverving er ein viktig del av opplegget. Vi har auka medlemsmassen siste tida, og no har vi snart tusen medlemmer på Søre Sunnmøre, noko vi er godt nøgd med, fortel nesleiar i lokallaget, Arne Hjorthaug.

Tryggleik

NAF sine folk fortalde også om trafikktryggleik no når dein del set kursen for eit påskebesøk på hytta.

Hjorthaug og kollegaene hadde julenisse-innstillinga intakt, og delte også raust ut oppblåsbare nakkeputer, refleksvestar, refleks og sitjeunderlag, heilt gratis.

Sverre Johnsen var mellom dei nøgde bilistane.

- Dette var eit sjokkerande bra opplegg. Eg kom frå Oslo fredag og var sikker på at eg hadde att ein del spylarvæske, men tanken var tom, og det var flott å få fylt han opp att på denne måten, seier ein heimesmørblid Johnsen.