Det er Hovdenakk grunneigarlag, Statnett, K.A. Aurstad og langrennsgruppa i Ørsta IL som har samarbeidd om prosjektet. Og det heile er eit resultat av at grunneigarane på Hovdenakk ynskte å slå fleire fluger i ein smekk då transformatorstasjon i Hovdenakken vart bygt.

– Vi opplevde at bygginga av transformatorstasjonen var eit stort inngrep i eit friluftslivsområde. Samstundes såg vi mulegheiter med å få til noko som gagna både oss som grunneigarar og dei som nytta skiløypene på Bondalseidet, fortel Trygve Hovdenakk og Jan Eldar Hovdenakk.

Skogsveg

Grunneigarane tok kontakt med Statnett, og forklarte at dei i samband med utbygginga ynskte å få opparbeidd ein vegtilkomst til området nord for (ovanfor) langrennsløypa på Bondalseidet. Dette området er i kommunedelplanen for Bondalseidet sett av til hyttefelt.

Vidare er det slik at skogsvegen grunneigarane har opparbeidd, er den same vegen som inntil i fjor var nytta til løypetrase i lysløypa på Bondalseidet. Difor ynskte grunneigarane at det vart opparbeidd ein ny løypetrase, slik at skogsvegen kunne verte frigjeven til det opphavlege føremålet.

Hovdenakk grunneigarlag tok kontakt med Statnett, og det vart semje om å setje i gang prosjektet. Statnett løyvde midlar, og langrennsgruppa i Ørsta IL vart involvert.

– Vi fekk folk til å stille på dugnad for å rydde skog. Resultatet er at vi no har fått ein mykje betre turløypetrase. Han er mykje meir kupert slik ei god løype skal vere, fortel Jarle Sandbakk.

Stadion

Det er K.A. Aurstad som har vore hovudentreprenør for Statnett under bygginga av Hovdenakk transformatorstasjon, og Aurstad stilte mannskap og maskinar til rådvelde under arbeidet. Aurstad har m.a. utover det som var avtalt mellom grunneigarane og Statnett utvida og planert til stadionområdet for langrenn.

Torsdag møttest partane for å takke kvarandre for samarbeidet. Dette samarbeidet har no resultert i ei 1.200 meter lang ny turløypetrase, ein kulvert som opnar for vegtilkomst til det planlagde hyttefeltet, ein utvida langrennsstadion, og ein frigjeven skogsveg som kan verte nytta heile året. Statnett har betalt vel ein million kroner for å få dette til.

Dialog

– Det har vore viktig for oss å ha ein god dialog med grunneigarane, og at ingen skulle verte skadelidande grunna oss. Eg synest vi har greidd å få det til under heile denne prosessen, seier byggjeleiar Dag Harald Bjørkedal hos Statnett.

Grunneigar Syver Hovdenakk, som også er ein veteran i langrennsgruppa i Ørsta arbeidd for å få til gode løyper på Bondalseidet. Han er glad for oppgraderinga av anlegget.

– Vi har også fått 30 nye lys i lysløypa, seier Hovdenakk.

Han og dei andre grunneigarane legg dessutan vekt på at samarbeidet aktørane i mellom har vore viktig også for framtida.

– Utbygginga av transformatorstasjonen vart eit faktum. Då var det viktig for oss at vi oppretta ein god dialog med Statnett, og fekk til gode løysingar. Vi skal jo vere naboar for all framtid, seier Trygve Hovdenakk.

Hovdenakk transformatorstasjon vart sett i drift i januar i år, og er kopla opp mot nordgåande 420 kV-line.