Inge Kolås har hatt et natt med lite søvn etter at han fekk melding om at kraftmasta i Follestaddalen, som han ønskte å utvikle til klatreveg med ei hytte på toppen, no er riven. Dette vart gjort tysdag i samband med saneringa av den gamle kraftlinja.

At kommunen melde frå om at dei skulle sende brev til  NVE/Statnett om at masta måtte verte ståande då Kolås har hatt gåande eit reguleringsarbeid for masta, var til inga hjelp. For noko brev har aldri nådd fram til entreprenøren Hallingmast.

- Og det beklagar vi, seier Knut Magne Rukke i Hallingmast.

Inge Kolås synest også saka fekk ei beklageleg avslutning.

Bebreidar

- Eg bebreidar meg sjølv for at eg ikkje fotfølgde saka. Lærdommen må vere at dersom ein har ein god ide, ja, så stol i alle fall  ikkje på at andre hjelper til slik at brikkane kan falle på plass, seier Kolås som karakteriserer seg som ein "bedrøva kar framma Follestaddalen".